Bømlo kulturhus KF og KinoNor har signert avtale om at Bømlo kino blir ein del av den norske kinokjeda.
KinoNor er i dag representert i Nordnoreg med dei 5 kinoane som utgjer Aurora kino, Midtnoreg med Trondheim kino og Kimen kino, samt på Vestlandet der Edda kino i Haugesund, Bryne kino og Tysvær kino er medlem.
«Me er svært glade for at Bømlo kulturhus ynskjer å samarbeide med oss, då dette vil styrke posisjonen vår på Haugalandet og i Sunnhordland», seier dagleg leiar i KinoNor, Arild Kalkvik. «Bømlo kino vil styrke oss både med tanke på innkjøp og kompetanse, då me har merka oss det gode arbeidet Hanne Jacobsen og dei andre på Bømlo kulturhus gjer som kino og kulturhus».
Dagleg leiar i Bømlo kulturhus, Hanne Jacobsen, gler seg til å bli ein del av eit større fellesskap gjennom KinoNor. «Kinomarknaden er i endring og eg har difor vore på leit etter eit større kompetansefellesskap der me kan dra nytte av andre sine erfaringar på område me er opptekne av. KinoNor set pris på fridomene ein har som lokale og regionale sjølvstendige kinoar, og har laga ein samarbeidsmodell tufta på dette. Eit slikt samabeid kan vere med på å gjere oss alle betre på å gi gjestene våre gode kinoopplevingar i fremtida», seier Jacobsen.
Kontaktpersonar:
Arild Kalkvik, daglig leiar KinoNor og kinodirektør Trondheim kino, arild@trondheimkino.no, tel: 917 84 801
Hanne Jacobsen, dagleg leiar Bømlo Kulturhus, hanne@bomlokulturhus.no, tel: 958 00 261
Tromsø og Bømlo, 6. november 2019
*Pressemelding fra KinoNor