Annonse

Fra tidsskriftet Film & Kino: Kino til sjøs

Både sjøfolk og cruisepassasjerar kan sjå film om bord på norske skip, og i siste nummer av tidsskriftet Film & Kino kan du lese om handelsflåtens jubilerande kinotilbod og bli med
Jason Bourne på danskebåten.

I desse dagar er det seksti år sidan Velferdskontoret for Handelsflåten vart oppretta, og alt i 1947 starta dei med distribusjon av film til dei norske skipa.

I samarbeid med eit tilsvarande dansk kontor vart det kjøpt inn 16mm-kopiar til bruk om bord. Filmane vart henta og leverte på utanriksstasjonane, sjølv om det nok ikkje alltid var så lett å få dei norske skipa til å levere frå seg populære filmar, som til dømes
Flåklypa Grand Prix.

Den suverent største suksessen var likevel etter alle solemerke filmen til danske Erik Balling,
Martha frå 1967. Særskilt sjøfolk frå denne filmens heimland har trykka den til brystet, men norske sjømenn har òg vorte sterkt knytte til dette maritime eposet, og i dag har Sjøfartsdirektoratet ei eiga webside via til
Martha.

Knut Sigurd Senumstad


Journalist


Tidsskriftet Film & Kino

Les meir om
Martha og om kino til sjøs før og no i siste utgåve av
tidsskriftet Film & Kino som er ute i desse dagar.

Elles byr Film & Kino i denne utgåva på intervjuar med Wes Anderson om
Darjeeling Limited, Ridley Scott om
American Gangster, Cristian Mungiu om
4 måneder, 3 uker og 2 dager, Mikael Håström om
1408 og mykje anna.

Annonse
Skroll til toppen